Etter nokre prøverunder med brygging av øl på gamlemåten er Bjoa Ølbryggjarlaug skipa. Lauget ynskjer å vera inkluderande for dei som har interesse for å vera med.
Ølbrygging høyrer til dei gamle kulturtradisjonane våre. Rundt om på gardane vart det bryggja øl til høgtider, ved sommarslåtten og til gravferder. I våre bygder er ikkje desse tradisjonane framtredande, men kjem ein litt lenger inn i fjordane så finn me mykje nedarva kunnskap om faget. Ølbrygging er ein tidkrevjande prosess om det skal gå føre seg etter gamlemåten – og det er nettopp det som er interessant i denne samanhengen. Kultur og tradisjon er jo noko som utviklar seg og vidareutviklar seg over tid – ja gjennom generasjonar. Bjoa Ølbryggjalaug ynskjer mellom anna å vera kulturutviklande i høve til å utvikle kunnskap om god, gammaldags ølbrygging.
Opptakten til det heile skjedde i haust då det i regi av bygdeutviklingslaget vart halde kurs i ølbrygging i eldhuset hos Harald Hetland på Svalland. Seinare har fleire meldt si interesse for å vera med og det har blitt ny omgang med brygging.
På stiftingsmøte for Bjoa Ølbryggjarlaug 26.april i år var dei fleste av dei som har vore med på brygginga så langt møtt fram. Det var lagt opp til festleg samkome md matservering og sjølvsagt servering av tradisjonelt kornøl-brygg.
Følgjande mål er vedteke for Bjoa Ølbryggjarlaug: -Utvikla og vidareutvikla kultur og tradisjon for kornøl-brygging. -Skapa sosialt fellesskap. -Fagleg utviklande gjennom ulike fellesarrangement som kurs, foredrag, studieturar m.m.
Måla er ein del av vedtektene som lauget har vedteke. Det er dessutan valt eit styre for dette året. Det er sett saman slik: Harald Hetland (kontaktperson og råvareansvarleg), Alf Magne Gundersen (materialforvalter), Bjørn Johannessen(kasserar), Nils Terje Oma (studieansvarleg), Elin Arianson (skrivar).
Som nemnt er det lauget ope for nye medlemmer. Føresetnaden er at ein er samd i måla og gjer seg kjend med gjeldande vedtekter. Informasjon om medlemsvilkår kan du få ved å venda deg til ein i styret.