Foto:

Kulturveke på Bjoa skule

Av: Kristian Resset 18.02.2002

Måndag og tysdag kveld er heile området på Bjoa skule ope frå kl. 18.00 til 20.00.
‍ Foreldra ved skulen og andre vaksne byr der på grupper med aktiviteter for born og vaksne. Aktivitetar på kveldane er mellom anna:
• snekring/trearbeid (6 år og oppover)
• formingsverkstad (5 år og oppover)
• skyting (5. klasse og eldre)
• swingkurs (4. klasse og eldre - berre måndag kveld)
• turn (5 år og oppover - berre tysdag kveld)
• forteljarstund i biblioteket (3 - 8 år)
• leik i barnehagen (for dei minste)
• baking i barnehagen (3 - 9 år)
• kulturskuleverkstad. Musikk/drama/dans/bilete (6 - 9 år - måndag)
• "Musikk ved livets begynnelse" (3 - 5 år m/ein vaksen). Dei skal ha med seg eit kosedyr og kle seg ut som indianarar.

Alle aktivitetene har påmelding. Ta kontakt med skulen/barnehagen.

Det er kafé med sal av mat/kaker laga på skulen. I kaféen er det og sal av gamle bøker frå skulebiblioteket.
Biblioteket er ope med vanleg drift. Der er det forteljarstund for dei minste frå kl. 18:15 og litt utover. Biblioteket på Bjoa har fått bøkene til Elisabeth og Sigmunda Simonsen i testamentarisk gåve. Desse bøkene skal vera utstilte og klare for utlån i kulturveka.

Barnehagen er open. Borna kan leike der med tilsyn av vaksne.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.