Foto:

Kunnskap, kompetanse og næring på Bjoa?

Av: Kåre Frøland 01.04.2002


For å ta vare på og utvikle gode lokalsamfunn, må ein
ha både busetting, skular, forretning og arbeidsplassar.
I åra som kjem står vi ovanfor store utfordringar.

Buo Landhandel har drive i drøyt eit år etter at Kåre Nymark byrja å drive butikken på Innbjoakaia. Med årsrekneskapen frå i fjor som fasit, kan han slå fast at det første driftsåret vart på det jamne. Spørsmålet er da om det er godt nok for framtida.

- Det er eit godt grunnlag for å drive butikk på Bjoa, seier Nymark. Men dersom det skal vera interessant å drive ei slik verksemd må dei fastbuande bli flinkare til å bruke nærbutikken. Det er berre om lag halvparten av fastbuande på Bjoa som nyttar butikken i noko monn. Mange kjem innom når dei treng noko særskilt – og då er det godt å ha ein handleplass på Buo. Men mange daglege innkjøp gjerast utanfor bygda. Dei som har hytter på Bjoa, og feriefolk ellers, byr på eit oppsving i omsetninga når det er sesong. Men når bruken av butikken er på eit middels til lågt nivå resten av året, blir resultatet tilsvarande middels.

Sett i høve til storleiken, har butikken eit godt vareutval. Ein strekker seg også langt for å skaffe dei varene folk helst vil ha, og er ein på jakt etter noko særskilt kan det meste skaffast på bestilling. Det er óg høve til å tinge varer på telefon eller faks, og få dei køyrt på døra kvar fredag. Det skulle difor ikkje vera
vanskeleg å bruke Buo Landhandel til det meste av det ein treng. Den nye Drøsestova byr også på ein triveleg møteplass.

- Det vanlege i andre bygder me kan samanligne oss med er at dei fastbuande står for rundt 70% av omsetninga, fortel Kåre Nymark.

Når det berre er drøyt 50% av folk på Bjoa som utgjer det faste inntektsgrunnlaget, seier det seg sjølv at det blir tyngre å drive.
Mellom anna blir det vanskeleg å halda medarbeidarar i full stilling, og det har allereie vore naudsynt å permittere ned ein del av stillingsbrøken . Og å drive butikken åleine er uholdbart, som dei fleste vel kan tenke seg.

Foto: Jarle Sandsgård. Fra Buo Landhandel.