Bjoa kuturforum inviterar til kunsthelg på Bjoa skule:
Fredag 24. november kl. 20.00 - 21.30: "Smakebitar frå kunsthistoria"
Laurdag 25. november kl. 10.00 - 15.00: "Olje eller akvarell,- valet er ditt"Fredagskvelden kan du få med deg ei innføring i kunsthistoria. Det vert foredrag på Bjoa skule v/Elin Arianson. Inngongspengar kr. 30,-
Laurdag 25. november kl. 10.00 – 15.00
”Akvarell eller olje,- valet er ditt” Kursdag med innføring i teikning/ skisser og maling ( stilleben). Kurshaldarar:
Akvarell: Monica og Judith Gundersen. Oljemaling: Elin Arianson og Torunn Hetland. Kurspris kr. 150,- ( som inkluderer materiell til 1 oljemaleri eller inntil 2 akvarellar).
Gi beskjed ved påmelding om du vil delta på oljemalingskurs eller akvarell. Det er lurt å ta med seg niste og drikke. Kursa høver for alle. Nedre aldersgrense er 12 år.
Påmelding til foredrag og kurs: Innan torsdag 23. november til Bjørn Johannessen 53 76 99 92 / 913 59 266 eller til Elin Arianson 55 29 28 25 / 901 66 702.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.