Bjoa bygdeutviklingslag arrangerte 5.12. eit nytt vellukka kjøt-kurs. Dei 12 deltakarene reiste fornøyde heim med nye kunnskapar og fleire kilo julepålegg
Bygdeutviklingslaget hadde leigd kjøkkenet på Ølen vidaregåande skule og hadde dermed dei beste lokaler for kurset. Når dei to lærerane ved kokkelinja, Gunnar Langhelle og Finn Ove Solberg, stod for det faglege innhaldet, hadde kurset òg dyktige, engasjerte og svært trivelege kurshalderar. Etter fire timar hadde deltakerane laga leverpostei, sylteflesk, lammerull og okserull. I tillegg blei det tid til ein kaffipause med heimebakt. Tilbakemeldingane frå deltakarane var at kurset var både lærerikt, matnyttig og ei svært triveleg sosial oppleving. Det kom òg mange idear til tema på nye kurs så bygdeutviklingslaget kjem nok med fleire tilbod om kjøt-kurs framover.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.