Kombiner ein kort fjelltur med bading og soling på Bjoa.
Me kjører til ca midt mellom Utbjoa og Innbjoa og parkerar på parkeringa til badeplassen Vedvikjo. Går så over vegen og opp traktorveg ved pumpestasjonen. Følgjer denne oppover ca 600 meter til me kjem til sti på høgre side av vegen med skilt til Kyrkjenuten. (På kartet står det Kyrkja) Her er det godt synlig sti gjennom granskogen.
Me kjem til et bratt parti som krev litt forsiktighet, før me er heilt oppe. Her er det gamal furuskog, med nokre fine trær, ja reint trolske. Kanskje til å klatre i for borna? Den heilt store utsikten har me ikkje på grunn av mykje trær, men imellom trestammene ser me aust mot Innbjoa og kyrkja, med Gråhorgjo til høgre i bakgrunnen. Borgundnuten og inn Skånevikfjorden ser me også mot nord og nordaust.I vestre enden der stien går ned, ser med ned på Bjoaneset, (kor kulturstien går) Ilholmane og Leirvik, Tittelsnes med Siggjo i bakgrunn. Det er bok til å skrive navnet i på toppen.
For dei litt historieintresserte kan ein ta til høgre når ein kjem tilbake ut av granskogen, og følgjer skogsvegen ca 200 meter. Her kjem me til eit hellebrot, med tydelige steinhaugar med avfall etter produksjonen. Her vart produsert takheller som vart frakta ned til Vedvikjo og skipa ut herfrå. Det er spor etter den gamle vegen til sjøen. Produksjonen tok slutt i byrjinga av forrige århundre.
Om det er badetemperatur i vatnet er turen ned til Vedvikjo å anbefale. Fin sandstrand og fin plass å sole seg. I vestre enden inn i skogen er det ein ”Kolerakyrkjegard” med nokre gravstøtter frå omkring århundreskiftet 1800-1900. Ein kan også prøve fiskelukka ute på neset om ein vil det.
Kjøretid frå Haugesund: vel 1 time.
Parkering: P-plass til badestrand.
Barnevennlig: Ja
Gangtid: ca 40 min. opp.
Fisking: I sjøen
Kart: Ølen 1214 III
Foto: Torfinn Dommersnes