Foto:

La det swinge !

Av: Elin Arianson 11.03.2002

No kjem endeleg sjansen mange har venta på: swingkurs for vaksne.
Dans er både kjekt og sunt og sosialt. Det er rett og slett til å bli i godt humør av! Og kjekkast er det når vi får det til! Og nokre av oss treng litt instruksjon for å komma igong --- bli litt tryggare liksom, sånn at vi vågar oss utpå. For det er jo greit å vita kva fot som skal vera kor og kva tid - ein-to-tre-fir´?? - fem-seks-sju-ått´....
Nettopp dette blir det ein råd med no når temagruppa for bu- og oppvekstmiljø inviterer til swingkurs like før påske. Fredag 22. og laurdag 23. mars skal det swinge i gymsalen på Bjoa skule. Det er Vibecke Gundersen og Jan Kvinnesland som skal vera instruktørar - dei er begge flinke til å dansa swing og vil meir enn gjerne læra dansetrinna vidare til oss andre.

Og når kurset er over blir det endå kjekkare å vera med på dansefesten om laurdagskvelden - den 23. er det jo Rabbagast som kjem til Bjoa. Men det kan du lesa meir om på plakatane som er hengt opp rundt omkring...

For å bli med på kurset melder du deg på til Vigdis Svendsbø på telefon 53 76 99 67. Infoskriv om kurset kjem i posten til alle på Bjoa.