På laurdag deltok Bjoa sitt 8 års lag i fotball på Labb og Line Cup på Frakkagjerd.
Det regna litt, men det tok me med godt humør. Dei hadde laga til eit stort party-telt som me fekk sitta under (det var jo fullt i kafeen) mellom kampane, så både ungar og foreldre storkoste seg. Dei vant mot Skjold, men tapt både mot Sveio og Torvastad, men ungane tar både tap og vinn med samme sinn.
På bilete ser dykk ungane med premiane; bak frå venstre Erik Hetland, Aleksander Bjørnøy, Stian Bjørnøy, Trygve Miljeteig, Jens Sigmund Grønnestad, Jarle Lunde.
Framme frå venstre Ann Elen Sandsgård, Åshild Vee Sandsgård, Thea Knutsen og Anne Elin Grønnestad. Me oppfordrar alle Bjoabuar til å møta opp på heimakampen på onsdag den 15. september kl. 1800.