Lekter med traktor og skifer - kystlaget har vært i sving igjen på Romsa
Av: Marit Eikehaugen 07.05.2003
Fra Jan Husebø, formann og en av ildsjelene bak Kystlaget Romsa, kommer rapport fra siste dugnad på Haukelandstunet, sitat: På torsdag, 1. mai, fekk vi lasta skiferen ombord på lekter i Ølen og frakta til Romsa. Med på lekteren var også ein traktor.
På Grindanes lossa vi alt på land og tok traktoren i vinsj og stropper og sette han på land. 11 traktorlass vart det og så var all skiferen kome til tuns. Vi var ferdig med jobben i 7-tida på kvelden. Slepebåt kom så og henta lekteren tilbake til Westcon.
Såleis var vi ferdig med mykje av dugnadsarbeidet før vi skulle ha starta.
På lørdag var vi 11 personar i sving totalt. Arbeidsoppgåver som vart utført var:
• opprydding i og rundt huset,kjellar og eldhus • reparasjon av tak på toalett • opprydding i løa • mellombels tetting av tak i løa • gassovn kom på plass og vart testa • gjera ferdig mønekledninga på siloen Så hadde vi også herleg fiskesuppe og ein påtår med kaffi.
Foto: Terje Lunde. Lekter med sjeldent lass til kai i Ølen, før seilas til Romsa.