Foto:

Leseglede i fellesskap

Av: Kristian H. Resset 24.04.2003
Å kunne glede seg over ei god bok er nok inga ukjent oppleving, men ofte kan ein sakne nokon å dele leseopplevinga med. Saknar du å kunne diskutere innhold, form og oppleving med andre? Då kan du kanskje starte ei lesegruppe - det har nemleg 8 Bjoadamer gjort.
Å ha ein organisert leseklubb gir eit godt høve til å få lese bøker, noko som det av og til kan vera vanskeleg å sette av tid til i kvardagen. Det er interessant å kunne diskutere meir og mindre kjent litteratur. Ein oppdager raskt at leseopplevinga kan vera heilt ulik avhengig av kva ein sjølv har for lesevaner, sjangerutval og tidlegare leseerfaringar.

Nokre bøker er greie, medan andre får ein til å sitte att som eit spørjeteikn og lure - kva var eigentleg bodskapen? Å vera 8 personar ser ut til å vera eit greit antal. Ein bør ikkje vera for mange om ein skal få det til. Dei møtast sporadisk og for å koma i gang tok dei for seg skodespelet «Vår ære og vår makt» av Nordahl Grieg. Frå ein ekte klassikar gjekk turen til «Å spise blomster til frokost» av Brageprisvinnaren Synne Sun Løes, ei bok som skildrar det å vera manisk depressiv.

Neste prosjekt er å få sett filmen «The Hours» om den amerikanske forfatterinna Virginia Wolf. På kino, sjølvsagt.

Foto: Marit Eikehaugen. Arkivbilde. Fra bibliotekfilialen på Bjoa, som nå er nedlagt.