Foto:

Martha Straume vert tilsyn

Av: Agnes Fosse 12.11.2000

Over telefon med Marta Straume i kveld, har eg fått bekrefta at ho har fått spørsmål frå Arne Borgemyr om å ha tilsyn med dei heimeunderviste borna på Bjoa. Det var henne foreldra ba om frå starten av, fordi ho har lang erfaring med å halda slikt tilsyn. Marta Straume skal og vera ansvarleg for karaktersetjing for avgangselevane i 10.klasse.

Honnør til Ølen kommune som har imøtekomme oss til det beste for borna våre.

Marta vil no snart ta seg ein tur til Bjoa på tilsyn. Me ser fram til eit godt samarbeid med henne som kommunens representant, og veit at ho vil ivareta både borna og kommunen sine behov på best mogleg vis.
Takk til alle dei politiske parti som har støtta oss i kampen for karakterer. Dette gjev borna vår tryggleik og ro til å konsentrera seg om det som er viktig for dei, nemleg skulearbeidet.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.