Det har den siste tida blitt seld fleire bilar av typen Mazda 323F til Bjoa. Bjoanett har teke seg ein prat med både kjøparane og selgaren.
På biletet ser ein dei fire stolte eigarane fotografert ved bilane sine.
Mazda og Hyundai-forhandlar Nils Sørhaug i Haugesund opplyser at det er seld fire Mazda 323F til Bjoa den siste tida, og han seier at denne biltypen appelerer til dei som vil ha ein allsidig og sporty bil, og at bilen var ein av dei mest selde på Haugalandet i fjor.
Bilane er godt utstyrd med m.a. antispinn, aircondition, airbag, justerbart baksete, sentrallås og elektriske vindauge. Likevel kjem bilen, som og kjem godt ut i testar, under 200 tusen. Eigarane Bjoanett har snakka med er godt nøgde med bilane, og bruker ei heil rekkje med superlativ i si skildring av bilane.
Sørhaug fortel vidare at det kjem ei rekkje nye bilar i år, både fra Mazda og Hyundai. Det kjem m.a. nokre råtøffe 4-hjulstrekkjarar og fleirbruksbilar til hausten. Akkurat nå er det stor interesse rundt den nye Mazda 626. Firmaet Nils Sørhaug AS blei etablert allereie i 1923 og er byen si eldste bilforretning. I dag er det 18 tilsette i firmaet, som forhandlar bilar frå Mazda og Hyundai. Nils Sørhaug fortel at dei har mange nøgde kundar rundt om i distriktet, og er kjend for å ha mange dyktige medarbeidarar som held kva dei lovar. Nils Sørhaug AS held til midt i sentrum, så mange av kundane som har bilane inne til service kombinerer dette med ein tur i Haraldsgata