Foto:

Me vil ha reint vatn med godt trykk!!!!

Av: Bjørn Johannessen 15.11.2000

Med ein slikt krav er det beroligande å snakke med Rune Heggebø i Ølen Vassverk. Det ordner seg. Som dei fleste av oss har registrert er arbeidet med renseanlegget for Bjoavatnet komen inn i byggefase. Mykje førarbeid er gjort og nå begynner tingene å ta form. Allereie 21.11. ventar Vassverket filtertankane til Bjoa. Når dei er på plass kan bygget gjerast ferdig.

Etter framdriftsplanen (som ser ut til å halda godt) meinar Rune Heggebø at ein kan begynne å kjøre anlegget igang i første halvdel av januar og at dei vil trenge 1-2 månader for å få optimalisert prosessane. Ølen Vassverk kjem sjølvsagt tilbake med meir informasjon til abbonentane om dette.

Vasstrykket på Hjartaker har vore eit problem svært lenge. Her òg har Rune gode nyheter. Hus og pumper til trykkforsterning er på plass og elektrisk tilkobling skjer veke 47.