Omlag 35 deltakerar (store og små) blei med då Bjoa Båtlag og Bjoa Idrettslag inviterte til fellestur til Borgundnuten 29. mai.
Båtlaget stilte med transport over fjorden. Sjølv om veret ikkje viste seg frå si beste side denne dagen fekk likevel deltakerane ein flott tur til topps og fekk oppleve den flott utsikta. Regnet sette ikkje inn før den muntre gjengen var komen ned att og under tak ved Fjellberg landhandel. Båtfolket reiser aldri heim før dei har fått fyrt i grillen og greidde å lage full middag mellom regnbygene.
Takk til båtlaget og idrettslaget for eit fint initiativ og ein triveleg tur.
På idrettslaget sitt turprogram står Bukkanibbo som neste port.
Me ser fram til neste tur.
(foto Ane Hetland med Borgundnuten i bakgrunnen)