Foto:

Melding frå Romsa!

Av: Kari Dommersnes 08.06.2006

Det pågår strandrensk på Romsa, mykje boss er plukka opp og sendt til lands med Frøya. Dei hittil ivrigaste plukkerane vart heidra med premiar sist helg.

Alle premiane er sjølvsagt funne i strendene (gjenvinning).

Vandrepokalen som må vinnast 3 ganger gjekk til Margunn Larsen frå Stord (ho står øverst på pallen.)

2. Premien som er eit rullande drivhus gjekk til Knut Høvring frå
Haugesund, 3. premie som er eit avansert brannslokkningsapparat gjekk
til Harry Førland frå Haugesund.

Me er ikkje heilt ferdig med strandrensken enno, så sett i gang og
plukk. Nye premiar dukkar stadig opp, og belønning ventar også til brukerane av Romsa i form av penger til fellesformål på Romsa!

Mvh
Kari Dommersnes
Friluftsrådet Vest

Foto: Kari Dommersnes