Foto:

Merking av turløyper

Av: Elin Arianson 01.05.2002

Bu- & oppvekstgruppa i Bjoa bygdeutviklingsprosjekt har tatt initiativ til ei oppfrisking av merkinga langs aktuelle turstiar på Bjoa.

Det ligg godt tilrette for eit aktivt friluftsliv på Bjoa. Mange er flinke til å benytte dei mange spennande turløypene som finnst i og rundt bygda vår. Nyleg har Ølen kommune og Ølen Idrettsråd lansert Ølenstrimmen 2002, - her inngår fire turløyper på Bjoa og venteleg vil dette vera med på å få mange til å ta turar i bygda vår i løpet av sesongen.
For dei som ikkje er så kjende i området er det viktig at løypene er merka når det ber ut i terrenget. Då blir det tryggare å gå og meir freistande å velja ein tursti som ein ikkje har gått før. Likeins er det kjekkare å bevega seg dersom det er kvista litt slik at det er rimeleg framkommeleg.
Det har no gått nokre år sidan sist det blei gjort noko systematisk arbeid med merking og rydding av turstiane.
Bu-& oppvekstgruppa vil gjerne utfordre dei som kjenner turstiane våre godt - og som gjerne er ute på tur rett som det er - til å ta på seg merking og gjerne også litt rydding av ein tursti eller to.
Merkinga skjer med raud maling frå sprayboks. Bu-& oppvekstgruppa har kjøpt inn maling til formålet. Gruppa har og laga ei liste over turløyper som kan vera aktuelle å merka. For å halde litt styr på kva for løyper som blir merka vil Ingrid Johannessen vera kontaktperson for dette arbeidet.
Så dersom du vil vera med å gjera ein flott innsats for alle turgåarar ved å vera med på løypemerking, tar du kontakt med Ingrid på telefon 53 76 99 93

Foto: Skuletur til Baslio, hausten 2001. Foto: Elin Arianson