Bjoa sitt "Miks 8"-lag spelte onsdag ettermiddag uavgjort 2-2 heime mot Ølen.
Bjoa stilte mannsterke til kamp mot Ølen heime på Bjoa Stadion. Interessa for å spele fotball har vore stor, og det møtte opp nok Bjoa-spelarar til i alle fall to lag.
Og det var ikkje noko dårleg lag Ølen møtte. Bjoaspelarane var uredde og trødde skikkeleg til mot ølensbuen, kanskje litt i meste laget til tider...
I første omgang var det Bjoa som pressa mest, sjølv om det var målsjansar på begge sider. I Bjoamålet sto Ann Elin Grønnestad og dirigerte laget sitt på ein slik måte at ein vanleg A-lags-keeper vil virke beskjeden og tafatt i forhold.
Etter 16 min dribla Erik Hetland seg gjennom ølensforsvaret og sette ballen i mål. 1 - 0 til Bjoa. Berre fem minutt seinare var han nære på å laga eit mål til, då han skaut ballen i tverrliggjaren og ut på bana att.
I andre omgang hadde tydelegvis ølensbuen bestemt seg for å ta igjen, og allereie etter to minutt utlikna dei. Ei stund kunne det virke som om dei var ein ørliten tanke sterkare enn Bjoa, men etter 8 minuttar sette Trygve Miljeteig ballen i mål for Bjoa etter at Ann Elin Grønnestad, som spelte ute i 2. omgang, hadde vist korleis det skulle gjerast. Ho fekk ballen på høgre side på midtbanen, og jobba seg framover på sida. Det var ikkje berre snakk om å springe med ballen framføre seg, ho runda den eine motspelaren etter den andre. Sjølv ikkje etter å ha blitt pressa over ende gav ho seg. Til slutt hadde ho kjempa seg heilt fram til mål, der ein ølens-fot avverga mål i første omgang. Returen tok Trygve Miljeteig seg av og gav Bjoa leiinga 2-1.
Ølen hadde ein del målsjansar i 2. omgang, men Stian Bjørnøy i Bjoa-målet hadde fleire flotte redningar, m.a. ei flott "spagat-redning", der han fekk sendt ballen ut med berre storetåa. Ølenskeeperen Lars Martin hadde det ikkje fullt så travelt, han virka til å ta ting med ro, uansett. Han tok seg i alle fall tid til å kommentere ulempene med at Bjoa hadde scora to mål og dei berre eitt, og forklare ein middels fotballkunnig Bjoa-onkel (og reporter) viktigheten av det å halde ballen med to hender. Held ein ballen med berre ei hand, kan motspelarane ta han. Men held ein med beggje, har dei ikkje lov.
Heile Bjoa-laget fekk prøve seg på banen, og alle såg ut til å ha samme iver etter å spele fotball. Spesielt utmerka Thea Knutsen seg som ein effektiv midtbanespelar. Trur ikkje det var mange motspelarar som kom forbi henne.
8 minutt før slutt i andre omgang utlikna Ølen til 2-2, og dette blei også resultatet.