Vi har hatt "Min sommerhilsen" og "Min julehilsen". Påsken er her og Bjoanett åpner for "Min påskehilsen". Påsken 2003 bringer bare 2 hilsener. Flere var det ikke som hadde noen å hilse til når oppfordringen gikk ut. Årets første kommer langveis fra, fra Herlaug Norenes i Peru.
- Me er fortsatt i Peru, men bur no i storbyen Arequipa. Etter jul har me halde mykje på med bilelskulekurs, både her i byen og i Juliaca. Me bur i ein høyde på ca. 2500 m.o.h. og i påsken skal me gjerne ein liten tur ned til kysten. Veka etter påske, ja, då har planen vore å kome seg til fjells att.....3820 m.o.h, men utan ski på beina.
Då må eg fortelle kva me skal til med for påske. Den 3.april får me Norgesbesøk av bror min og hans sønn på ni år. Same dagen byrjar den årlege misjonærkonferansen. Den 5. april er det også ein stor dag for oss, då Lars Kristian og Per Gunnar skal konfirmerast. Dei skreddarsydde dressane heng på plass, og det vert ein fest med ca.60 til bords, forutan mindre born. Den 6. april er det enno ein historisk dag for oss. Då feirar me 25 års jubileum for misjonen her i Peru.
I blant er me på Bjoanett og det er triveleg. Når me no får høve til å sende ei helsing heim vil me gjerne ynskje bjoabuen ei God Påskehelg!
Den 19. juni er me så tilbake på Bjoa, for å bli bjoabu att! Om det vert sårt å reise frå alle gode venner me her har, gler me oss til å kome til Bjoa att, treffe dykk, gler oss til å nyte den flotte naturen me der har, sjå ut av stovevinduet, å nyte fjorden. Ja, me ser ikkje for mykje av den slags her me no bur i ørkenbyen, langt frå havet.
Ha det bra!
Helsing David, Per Gunnar, Lars Kristian, Gunnar og Herlaug Norenes.
Foto: Fra en hjemmeside om Arequipa, Peru.