Bjoa miniatyrskyttarlag har lege i dvale nokre år. Det er det ein del personar som ynskjer å endre på.
Kvar torsdag framover vert det skyting i kjellaren på Bjoa skule. Der har me som mange veit ein flott bane. Vi har og 4 gode mauser kaliber 22 rifler, og vi har 2 topp luft konkuranserifler.
I tida frå 18:30 - 20:00 er det dei som fyller 12 år i 2009 og eldre som får skyta. Frå kl. 20:00 er det vaksne.
Skyting er ein sport som passar like godt for begge kjønn. Det er påbudt med hørselvern i lokalet, men det får du låne. Denne våren kostar det ingenting å vera med på skytinga, alt er gratis. Så velkommen til alle som vil konkurrere med seg sjølv og andre.
Arkivfoto: Marit Eikehaugen. Fra miniatyrskytebanen på Bjoa
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.