Hentet fra www.nettvest.com -Sitat: Undervisningsminister Trond Giske nytta ein av sine siste dagar i statsrådstolen til å seia nei til den private Bjoa Montesorriskulen. Av: Arne Frøkedal.
- Avgjerda kom ikkje overraskande, og i påvente av regjeringsskiftet har me heller ikkje stressa denne saka, uttaler Bjørn Johannessen, leiar i Bjoa Montesorriforrening til Haugesunds Avis. Det var i siste statsråd at Ap-regjeringa avviste klagen på vedtaket frå 12. juni i år, der søknaden om godkjenning av ungdomsskuletrinn ved Bjoa Montesorriskule etter privatskulelova blei avslått.
Den negative haldninga frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, har resultert i ei normalisering av skulesituasjonen på Bjoa i Ølen kommune. Etter eitt skuleår med heimeundervising og påfølgjande venting på søknaden om privatskule i bygda, har ungdomsskuleelevane denne hausten vendt attende til den kommunale skulen i Ølen. - Erfaringane har vore gode og det er ein stor sjanse for at me kjem attande med ein ny søknad. Både Høgre og KrF har sett på saka vår og har uttalt seg positivt. Ikkje minst har Høgres Inge Lønning sagt at søknaden var uproblematisk, seier Bjørn Johannessen.
Det var strid om skulesentralisering som skapte initiativet om ein privatskule i bygda. Bjoa Montesorriforening vil nå ta ein ny runde for å lodda interessa med tanke på ein ny søknad om å starta privatskule. - sitat slutt.