Godt nyttår! Takk til alle saman for godt gjennomført arbeid i året som gjekk. Vi har halde boksamlinga open så godt som kvar einaste måndag utanom skuleferiane. Det er ein prestasjon vi skal vere nøgde med!
I det same vil eg nytte høvet til å seie takk for innsatsen til alle som var med på adventskaféen på skulen, - det vart også i år eit triveleg arrangement, men vi kan sikkert gjere det både betre og annleis til i år.
I samband med at vi no må lage ny vaktliste blir alle bibliotekvaktene kalla inn til styremøte og bibliotekvaktmøte måndag 17. januar kl. 19.30 i boksamlinga sine lokale på skulen.
Sakliste:
1. Godkjenning av innkalling. 2. Status – økonomi, resultat av adventskafe 3. Innkjøp av nye bøker og registrering av bøker. 4. Bibliotekvaktliste – våren 2005 5. Eventuelt.
Før bibliotekvaktmøtet blir det eit kort styremøte frå kl 19.00 –19.30 same dag og stad. Saklista er i utgongspunktet den same dersom ikkje andre saker blir innmeldt.
Dersom du ikkje kan kome, ver venleg å seie ifrå til meg på tlf. 53 76 97 08, eller til nokon av dei andre som skal på møtet.
Vel møtt!
Bjoa Boksamling
Foto: Marit Eikehaugen. Siri Hammerstad, styreleder i Bjoa Boksamling