Foto:

Myrane på nett!

Av: Jarle Sandsgård 14.04.2009

Det var ein godt bevart hemmelighet, men nå er sendaren på Steinsland gjort klar for å kunne overføre breibandsinternett til myrabuen.

For eit år sidan inngjekk fylkeskommunen avtale med Telenor Telecom Solutions AS om utbygging av breiband til alle i Rogaland.
Breiband blei her definert som minimum 2000 kbps.

Løysinga for Myrane sin del var å bygge ut ein sendar på masta på Steinsland, som overfører signal til antenner som blir montert hos abonnentane.
Det har vore stille rundt utbygginga, og sjølv ikkje nå når sendaren er klar er det gitt noko informasjon, men etter ein ringerunde så er det klart at sendaren er klar for bruk, og han vil kunne levere nedlastingshastighet på opptil 3000 kbps.

Bestilling kan gjerast hos Telenor på 800 30 325.

2000 kbps vil vere ei enorm auke i hastighet for dei som pr i dag sitt med "gammaldags" modem på ei så dårleg analoglinje at det til tider er kjappare å kjøre til banken og betale rekningane enn å logge seg inn på nettbanken. Hastigheten på ei slik linje er til tider nede i 20 kbps.

Sjølv om myrabuen nå pr definisjon har fått breiband så er kapasiteten låg i forhold til det som er vanleg i dag, i alle fall når ein tar pris med i bildet.
Ein må ha lov til å stille spørsmål ved kvifor ein valde ei slik løysing i staden for å gå inn på ei meir framtidsretta løysing med ein kombinasjon av fiber og trådlaust nettverk, men som nevnt vil det vere ei mangedobling av ekisterande kapasitet.

Foto: Jarle Sandsgård. Sendaren på Steinsland