Foto:

”Nå bygger bygda nærbutikken selv” i Åna-Sira.

Av: Kåre Frøland 19.05.2006

Eg blei fenga av overskrifta i avisa Nationen 6.5.06 – og lurte på kvifor! I artikkelen stod det å lesa at ”siden 2001 har de 240 innbyggerne i Åna-Sira vært uten butikk.” Dei må køyra rundt 2 mil for å finne næraste daglegvarebutikk. Samanlikning med Bjoa ligg nær.

Det står å lese i artikkelen at bygdafolket i Åna-Sira sakna både daglegvaretilbodet og butikken som samlingsstad i bygda. Dessutan hevdar dei at bygda er langt meir attraktiv å bu i med butikken på plass. Dette er ikkje berre tomt preik – bygdafolket har gjennom innskot av penger og mange dugnadstimar investert 1,7 millionar for å få butikk i bygda att. Fagfolk hevdar at å nystarta butikk i ei bygd på storleik med Bjoa (og Åna-Sira) vil bli lønsom berre dersom det kjem ein god del kunder utabygds frå. Då er det rimeleg å rekna at me på Bjoa må spytta inn 1,7 milionar dersom butikken vår forsvinn og me ynskjer ein ny på plass. Vi må jo rekne med at saknet av nærbutikk vil melde seg her – som i Åna-Sira. Ein skal ikkje vere særleg skulert i øknomi før ein skjønar at det må vere svært god lønsemd i ta vare på den butikken me allereie har i drift. Er det rart eg blei fenga av overskriften?

Ein rask prat med Kåre Nymark avdekkar at godt under halvparten av daglegvarehandelen på Bjoa blir gjort på nærbutikken (svært dårleg i høve til i andre liknande bygdar) - og at Kåre er langt frå trygg på om butikken er i drift om eit år. Det er jo forståeleg at utan nok kunder kan ikkje butikken driva. Ein del spørsmål melder seg dersom det skulle gå så gale at nærbutikken vår måtte slutta av: Kva gjer eg den dagen eg ikkje lenger kan køyra bil sjølv - kven skal handle for meg? Kven skal handle for dei som nå er i den situasjonen? Kor skal eg gå dersom eg ein dag dag har lyst til å gå ut for ”å treffe folk”? Korleis blir det i bygda om Innbjoakaien blir privat område?

I høve til Åna-Sirabuen er me så heldige at me kan spara oss både for ulempene og kostnadane dei har opplevd. Oppskrifta er enkel: me handlar meir i nærbutikken vår.

Ein ny vervekampanje blir herved lansert: Verv ein kunde til nærbutikken.

Vervepremie: Du tryggar og får ein betre butikk i bygda di og sparar kr 6.800 (1,7 millionar fordelt på ca folketal på Bjoa).

Sett i gong! Dette må vi klare!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.