Foto:

Nærbutikkane på kurs på Buo

Av: Bjørn Johannessen 13.08.2001

Trass i prispress og ekspansjon av dei store kjedane kan svært mange av dei små nærbutikkane på Haugalandet vise omsetningsauke og god lønsemd.

I så måte er Haugalandet spesielt i høve til utviklinga i resten av landet. Noko av grunnen til dette er fagleg oppdatering og samarbeid. På Buo tok Kåre Nymark i dag imot 6 kollegaer som deltek på Merkur-kurs – eit kursprogram som er økonomisk støtta av Næringsdepartementet. Lars Helgeland som er kursleiar fortel at dette er det tredje kurset som han har hatt på haugalandet og viser til stor interesse for å få plass. Kurset inneheld fagteori, praktiske prosjekt i eigen butikk og erfaringsutveksling/butikkvurdering frå kollegaer. I tillegg blir butikkane fulgt opp etter kurset er avslutta. Butikkane får òg hjelp frå Merkur-programmet til å få inn tilleggstjenester som t.d. Tipping og Post noko me har fått god uttelling på her på Bjoa.
Henry Torsen, dagleg leiar i Kjøpmannskjeden Haugaland, var òg tilstades. Han legg stor vekt på kor viktig samholdet og samarbeidet er når ein driv små butikkar. Utan høve til kollegialt felleskap kan det for mange bli eit ensomt yrke å vere småkjøpmann. Oppslutnaden og tilbakemeldingar etter siste trivselsarrangement, Kjøpmannsjass på Jassfestivalen, viser at kjøpmenn også har trong for anna enn berre innkjøpssamarbeid.