Foto:

NRK-TV på BUO

Av: Elin Arianson 26.05.2003

John Skien er på Bjoa igjen, med mikrofon og kameramann. Denne gongen er det Buo som er i fokus.

Nrk Rogalandssendinga gjer TV-opptak på Buo i dag. Denne gongen er det fokus på utviklinga av handelsplassen frå starten på Innbjoakaien i 1905 og fram i dag. Blikket vert og retta opp og fram,- kva framtidsutsikter har Buo - kva betyr det å ha ein handelsplass i lokalsamfunnet, og korleis tar ein ibruk dei mogelegheitene som ligg på plassen, både for butikkdrift og for andre tiltak?

‍
Så langt ser det ut til at både handelsmannen, kontorfolket og gubbene på Drøsestovo er festa til filmtapen i dag.
Innslaget skal visast på Rogalandssendinga.

‍

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.