Kon-Tikimuseet er målet for turen som Sigfred har invitert 7. klasse med på.
Sigfred Tveit som er svært interessert i Thor Heyerdal-ekspedisjonane høyrde om eit spennande opplegg for barn og ungdom i Kon-Tikimuseet - der Heyerdal sjølv skal vere til stades. Han ordna seg med ein 10-seter buss og inviterte med 7. klasse på Bjoa skule. Ein glad og forventingsfull gjeng reiste tidleg søndag morgon og er venta tilbake utpå tirsdagen. Med i bagasjen var soveposar og grillutstyr då ekspedisjonen satsar på villmarksovernatting (campingplassar o.l.). Eit kjempeflott initiativ frå Sigfred, rask og positiv respons frå skulen (som har gitt elevane fri), effektiv jobbing av foreldra med klassekontakt Ethel i spissen (ho blir òg med på turen). God tur!
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.