Foto:

Ny runde med Bjoa Montessoriskule

Av: Bjørn Johannessen 16.10.2001

Som me gjerne kunne venta når det går mot regjeringsskifte, la ikkje AP-regjeringa særleg mykje energi i vurderinga av anken frå Bjoa Montessoriforening.
Når vår søknad om Montessori-ungdomsskule nå har fått endeleg avslag frå regjeringa ligg vår mulighet i å fremme søknaden på ny for ny regjering. Signala frå Krf/Høgre går i positiv retning for oss og det er antyda at ny søknad frå oss vil få rask avklaring.
I arbeidet som er gjort og gjennom gode kontaktar over heile landet, har me oppdaga at det er stor forskjell på kva støtte etablering av Montessoriskule får frå lokale myndigheter. Nokre kommunar ser på det som ein ressurs medan andre framstiller det som ein trussel. Medan administrasjonen i Ølen greidde i saksutgreiinga å framstille Bjoa Montessoriskule som ein trussel mot skulen som alt var nedlagd, kan me lese om korleis andre kommunar ser på tilsvarande.