Foto:

Nyopning av Buo Landhandel


Av: Mariann Hettervik 01.02.2001

Torsdag 1.2.01 vart ein stor dag for Bjoabuen; me har fått ein ”ny” gild butikk på kaien. Frå tidleg morgon strøymde det på med folk som ville handla, sjå, gratulera og kosa seg med kaffi & kaker og ein drøs med sambygdingar.
Ifylgje Kåre Nymark har det vore minst 200 menneskje innom butikken i dag og han var strålande imponert over oppslutninga og vonar den vil halda fram.
Det har i vekene som har gått vore hektisk aktivitet for å klargjera alt til opningsdagen, det har blitt lange kveldar og enkelte kunne nok hatt soveposen sin der nede …Mykje flott dugnadsarbeid har også vorte utført og
resultatet er eit lyst, luftig og svært oversiktleg butikklokale,- så absolutt ein nærbutikk til å trivast i.
I samband med opninga i dag tidleg vart Kåre gratulert og overrekt ei veggklokke frå Bjoa Bygdeutviklingslag med takk for tru på bygda og med alle gode ynskje.
Ordførar og rådmann var også innom med gratulasjonsblomar og det har elles strøymd på med flotte oppsatsar og bukettar frå kundar, leverandørar og andre.
Underteikna var nede på Buo ca kl ½ 11 og då yra det av glade fjes. Noko startproblem skal ein ha og her var det kassasystemet som ikkje fungerte heilt som det skulle. Resultatet vart nokså lang kø i periodar; men dette er eit luksusproblem og sjølv så koste eg meg kvart eit minutt av den halve timen eg sto og venta for å betala varene mine. Alt eg hadde handla vart raskt pakka i posar av ekspeditt betjening og etterpå kunne eg rusla inn på Drøsestova som også har ”blitt ny”. Lyst, triveleg og med panoramautsikt over sjøen (tenk når sommaren kjem og turistane yrer på kai og i båt,- då får me mykje ”løye ” å sjå på og snakka om….) Brus, kaffi og herlege kaker vart påspandert butikk-kundane og me kunne slå av ein prat med kjende eller surfe på internett. Ja, du leste rett: Bjoa har fått internettkafé! Her står ein PC fast stasjonert med fri tilgong til internett for alle og einkvar.
Så kan du chatte, surfe, sjekke mailen din og sjølvsagt gå inn på BJOANETT og lesa siste nytt eller koma med innspel sjølv. SPINDELVEVEN sponsar det heile,- TAKK frå oss alle. Slike flotte lokale kan jo nyttast til litt av kvart så det vert spanande å sjå kva som skjer.
Så nå kjære bjoabu,- me har fått butikk igjen og det er opp til oss ALLE å halda liv i den ,- og det skjer kun ved aktivt bruk.