Foto:

Nyttårshilsen fra Jarle

Av: Jarle Sandsgård 31.12.2004

Eg og vil sende helsing, men var litt seint ute for julehelsing. Men så fekk eg lov å skrive nyttårshelsing, og den går til Innbjoa kai!

Nå kan ikkje eg skryte på meg at eg er den som lesser mest oppi handlevogna på Buo, men det skuldast ei begrensa hushaldning og mykje god mat hos naboane... (Og så ber eg som oftast varene mine i kassar.)

Likevel er eg ofte innom Buo. Om ikkje anna enn for å slå av ein prat med andre som er innom og handlar eller tar seg ein kopp kaffi på drøsestova. Treffe folk ein gjerne ikkje møter andre stader.

Og så har ein sjølvsagt gjengen på Buo, med Kåre, Vigdis og resten av gjengen. Som ofte har eit eller anna for seg. Fiksar og styrar, og har servicen langt ut i fingerspissane. Alltid like triveleg å ta ein tur ned dit!

Helsinga går også til Johannessen-familien, som har lagt utruleg mykje ned i å tilrettelegge for mine uformelle treff på butikken og drøsestova. Eg visste at den nye drøsestova kom til å bli bra, men hadde ikkje sett for meg at det skulle bli så bra! Og med den nye, flotte puben har ein nå også muligheten til å treffe folk på kveldstid.

Takk til heile gjengen for at dåke gir oss ein levande møtestad i bygda!

Takkar for det gamle og ønskjer folket på Innbjoa kai eit godt nytt år!

Foto:
Marit Eikehaugen: Vigdis Svendsbø i drøsestovebaren. Kåre på kontoret sitt
Jarle Sandsgård: Snø på Innbjoa kai. Bjørn og Johannes i ferd med å pusse opp drøsestova