Foto:

Oh, when the saints

Av: Gunnar Inge Eide 03.03.2005
Førstkomande søndag kl. 11.00 vert det jazzgudsteneste i Bjoa kyrkje. Dette er fjerde året på rad vi har ei slik gudsteneste i Ølen prestegjeld, og det har blitt ein tradisjon mange gler seg over.
Orkesterleiar er i år som før vår eminente pianist Lasse Jarmer, og med seg har han Anders Lunde (bass) og Arne Haugen (trommer). I tillegg er det i år ei blåserekke som består av Marit Fosse (trompet), Geir Baldersheim (sax), Gunnar Inge Eide (trombone), Rune Eide (trompet) og Johnny G. Pedersen (sax). Dei to sistnemnde er også solistar på fleire nummer. I tillegg vert Gunn Rakel T. Jarmer med som vokalsolist.

Den kristne bodskapen og gleda over den har alltid vorte uttrykt gjennom song og musikk, og uttrykket varierer etter kvar du er i verda. Til denne gudstenesta hentar vi inn noko av uttrykket frå kyrkjene i New Orleans, og deira sprudlande måte å uttrykkje gleden på. Her svingar det slik at dei færraste kan sitje i ro. Vi kjenner songane: Down by the riverside og Oh, when the saints får det til å krible i beina og gjev oss lyst til å danse.

Til gudstenesta har vi også henta musikk frå nokre av dei store utøvarane innan jazzen, som Miles Davis og George Gershwin. Gershwin sin nydelege ballade "Someone to watch over me" vert framført av Gunn Rakel T. Jarmer saman med bandet.

Vi håpar at mange finn vegen til Bjoa kyrkje på søndag, både frå Bjoa og andre bygder, og at vi klarer å fylle kyrkja til taket både med folk og musikk.

Velkomen til gudsteneste!

Foto: Grannar, Gunn Rakel Tjelle Jarmer og Lasse Jarmer

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.