Foto:

På gjengrodde stiar


Av: Bjørn Johannessen 11.04.2004



Bjoa har kjempemange muligheter for dei som vil nyte naturen i skog og mark - og på fjellet.
Mange gonger har eg høyrt folk som besøkjer Bjoa med bil kommentera at det ofte er folk ute og går tur langs vegen her. Nå har me jo ikkje sykkel- og gangsti – men heller ikkje så mykje ferge-trafikk lenger. Og så skal me jo få veglys! Så riksvegen er ikkje så verst alternativ når me vilgå tur gjennom bygda. Men me som kjører mykje bil her ser jo av og til at det dukkar opp turgåerar ut av skogen somme plasser – sansynligvis går då det ein sti der. Det er nok mange som ynskjer å gå på tur òg utan om asfalten. Skulle jo vore rikeleg plass til det i bygdane våre utan å vere til sjenanse for nokon.
Før ”bjoavegen” blei bygd i 1905 hadde sjølvsagt òg Bjoa eit ”vegnett” med kjerrevegar og stiar. Dei fleste vegane (med vegrettar som gjeld framleis) var lagt for at gardane skulle komme seg til sjøen som då var viktigaste kommunikasjonsvegen. Men det gjekk òg vegar/stiar mellom bygdane våre. Dei eldste i bygda kan minnast mange av desse i bruk. Nokre av dei er enda i bruk.
I vår tid då me har meir trong for trim enn nokon gong og me har altfor lett for å ty til bilen når vaksne og ungar skal transporterast rundt, ville det kanskje vore både nyttig og triveleg å ta i bruk gamle (og nye) stiar.
Nytten og gleda med å få dette til er nok openbar, men nokre utfordringar vil det bli å gå opp ”gjengrodde stiar”. Då dei gamle vegane blei lagt var det viktig for innbyggjerane å få vegen nærmast over trappehella. Dette er naturleg nok ikkje ynskjeleg lenger – heller ikkje frå dei som vil bruka vegen. Men med positiv vilje og godt samarbeid med og mellom grunneigerar kunne sikkert mange flotte turstiar blitt føreslått og tatt i bruk.
Mens andre og større plasser er fortvila over at dei har skusla vekk muligheten til å få til t.d. ein strandpromenade og er villige til å bruke mykje penger på det, har me enda alle muligheter til å få til eit kjempeaktivum for bygda på dette feltet. Kanskje ei utfordring til bygdeutvikling/kommuneplan. Påsken blir jo mykje brukt til turgåing så kanskje me kan klekke ut gode idear då.

Foto: Frå gamle Eikåsvegen