Foto:

Pensjonisttreff i Gardavik - i strålande sol!

Av: Elin Arianson 27.06.2003


11 pensjonistar tok imot invitasjonen om ei hyggjestund i den nyoppussa Gardavikhytta. Det blei ei triveleg stund i nydelig sommarvér!

Vertskapet som hadde invitert pensonistane var spente på kva dei ville synast om oppussinga. Mange av pensjonistane har tidlegare gjennom mange år vore svært aktive i høve til å halde Gardavikhytta i hevd. I den gamle gjesteboka kan vi lese om mange og lange arbeidsstunder og mykje kos, både i hytta og på stranda nedanfor.
Det store spørsmålet var jo om dei ville like det som no er gjort for å få hytta i stand igjen. Men her var ingen tvil. Begeistringa ville ingen ende ta! Alle som møtte fram skrytte over resultatet og ga uttrykk for at dei sette pris på å bli inviterte.
Inne i hytta var det dekka opp til kaffi, smørbrød og kaker. Det blei ei hyggjeleg stund med litt song og mykje god prat. Etterpå vill fleire ned til sjøen medan andre kosa seg i hagen i det fine véret.
Før dei gjekk heim var beskjeden klar: Vi vil gjerne bli inviterte fleire gonger!

Foto: Elin Arianson. Hyggjestund i Gardavikhytta.