Primærtjenesten har i mange år vore ei aktiv og god bedrift på Bjoa. Då Helge Toadalen pensjonerte seg i desember i fjor selde han bedrifta til Svein Kristiansen som driv vidare med mykje av den same aktiviteten.
Svein Kristiansen har 22 år bak seg som bjoabu og bjoapatriot. Han har heilt sidan han flytte hit vore aktiv i det lokale næringslivet med tømrarbedrift og transportbedrift. Transportbedrifta som han enda driv med to trailerar i drift, ynskjer han å trappe ned til for å bruke tid og krefter i sitt nye firma Primærtjenesten Bjoa a/s .
På industriområdet på Utbjoa overtok Svein ei godt innarbeidd bedrift med gode lokaler og maskinar og utstyr. Han har i tillegg investert fleire maskinar som gjer dei 330 kvm verkstad/produksjonslokala godt utrusta. Svein satsar på ein kombinasjon mellom faste oppdrag og enkeltoppdrag og er allereie første året nøgd med aktiviteten for bedrifta. Han har ved fleire høve leigd inn folk for å få oppdraga i havn i tide, men ser ikkje vekk for at Primærtjenesten kan bli fast arbeidsstad for fleire enn han sjølv.
Primærtjenesten Bjoa a/s vil i hovudsak vere eit reparasjons- og sveiseverkstad. Men Svein meinar òg at det kan bli akutelt med produkjon av mekaniske produkter. Bedrifta har allereie eit samarbeid på gang på produktutvikling – noko Svein synes er spennande og utfordrande arbeid. Primærtjenesten kan påta seg det meste av mindre mekaniske oppdrag og annonserer etter arbeid som vedlikehald og reparasjon av båtmotorar, sveising av armering, rekkverk og liknende, fjosinnreiing (skreddarsydd), landbruksreiskapar.
Etter eit knapt år drift ser Svein Kristiansen optimistisk på framtida for Primærtjenesten Bjoa a/s.