Privatskule på Bjoa år 2001-2002
Av: Agnes fosse 04.03.2001
Mange spørsmål svirrar rundt no når det gjeld dette. Mange lurar på om det vert nokon skule til hausten eller ikkje. Difor litt informasjon om kva som skjer om dagen.
Handsamingstida i departementet byrjar no å gå mot slutten. Difor er det viktig for Montessoriforeiningen å vere på hugget. På torsdag i veke 10 skal me og bygdeutviklingslaget ha eit planleggingsmøte for å lage framdriftsplan. Dette går ut på både å jobbe mot departementet og å arbeide med lærarutlysningar, lokale o.s.v.
Til dei som har, eller får ungdommar i ungdomsskulen neste år er det føreløbig dette å seie.
Før skulen er godkjent er desse (om du ikkje vel heimeundervisning) elevar ved Ølen skule. Der har du høve til å melde deg ut når som helst. Me reknar med godkjenning før mai dette året. Om me ikkje får godkjent før revidert nasjonalbudsjett, så får me heller ikkje pengar dette året. I og med at tida frå godkjenning til oppstart er knapp, arbeider me allereie med alle praktiske ting med forbehold om godkjenning. Signalene frå stortinget er at skulen blir godkjent fordi Montessoriskulen er godkjent på førehand, og fordi me har ein positiv uttale frå Ølen kommune. Bjoa Montessoriskule vert ein skule som foreldra er tett på. Difor kan du allereie no vere med å påverke korleis denne skal vere. Er du mamma/pappa/pedagog/snikker/rørleggar/elektrikar/skogsarbeidar/bilmekanikar eller arbeidsledig. Me har bruk for alle i arbeidet mot å få framtidig ungdomskule på Bjoa. Ta kontakt med Agnes MF eller Harald BU , om du vil vere med i prosessen.
Med ein gong me får godkjenning vert det sendt ut informasjon til Bjoabuen om søknadsfrist og opplegg. Det er og slik at privatskular må ha heile landet som inntaksområde, så det vil gå ut annonser til andre stader og.
Kvar klasse har max 9 elevar, og då blir det viktig at dei på Bjoa som er interessert gjev beskjed raskt.
Har du lyst å vere med i innkøyringsprosessen for å bidra med noko positivt, er det berre å melde seg inn i Montessoriforeininga der du har mest påverkning når det gjeld utvikling av den nye ungdomsskulen vår. Elles samarbeider me tett med Bygdeutviklingslaget om dette. Møtet på torsdag er ikkje noko stort allmennamøte med plass til mange. Det vil vere på bygdesenteret og er først og fremst for styret i bygdeutviklingslaget, Montessoriforreininga og nokon inviterte frå næringslivet. Likevel er det kjekt om dei som er interessert i å hjelpe til møter opp.
Ynskjer du å verta medlem i Montessoriforeininga så kostar det 150,- i året. Då vil du få medlemsblad og informasjon frå oss kontiniuerlig. I Oslo har dei eigen skule som utdannar Montessorilærarar, vidare så kan utdanna lærarar ta tilleggsutdanning i pedagogikken via internett.
I Tana hadde dei verken godkjente lokale eller lærarar då dei fekk godkjent skulen i påsken. Likevel klarte dei å starte opp hausten. Her er berre å sjå positivt på saken. Me har vore i kontakt med alle parti på stortinget som står klar til å hjelpe om dep. brukar for lang tid.
Har du spørsmål eller svirrar det rykter du vil bekrefta eller avkrefta , så er det berre å ta kontakt med meg. Har du lyst å utdanne deg til Montessoripedagog så kan eg vere behjelpelig der og.
Bjoa Montessoriforeining
Agnes Matre Fosse
leiar