Statsskog og Friluftsrådet skal saman gi ut eit historisk skrift om Romsa. I samband med innhenting av data til dette, blei hytta nytta til overnatting. Men hytta kan brukast mykje meir enn kva som er tilfelle.
Styret for vern av Professorhytta - Følgande personar har vore medlem av styret:
Leiar: Lars Geir Dommersnes
Kasserar: Kari Dommersnes
Sekretær: Ingrid Johannessen
Styremedlem: Ingebjørg og Kjartan Innbjo, Arnfinn Vølstad, Signe og Erling Buajorde
Me har hatt 2 styremøter.
Utført arbeid: Det har vore vanleg rydding av vegetasjon og vedlikehald på området rundt hytta.
Aktivitetar: 2005 var Friluftslivets år, og ei markering av dette føregjekk på Bjoa og Romsa i samband med vår årlege kulturdag. Eit arrangement som starta fredag på Buo, i samarbeid mellom Kystlaget Romsa, Buo Landhandel, Statsskog, Friluftsrådet og styret, blei avslutta med vår årlege kulturdag søndag 5. juni.
Vår kulturdag var mykje lik som tidlegare år. Me solgte fiskesuppe, grillpølser, hamburgerar, kaker og kaffi. Torleiv Tveit stilte ut sine flotte kunstfoto i hytta. Skattejakta gjekk av stabelen som vanleg, med stor oppslutnad. Natur- og kulturstien tok
friluftsrådet ansvar for i år. Det var i år lagt opp slik at ein kunne velge å svare på spørsmål enten mynta på barn eller vaksne. Statsskog sponsa premieringa, og hadde sitteputer til alle som deltok på kulturdagen. Statsskog var for øvrig representert på arrangementet, noko som var særs hyggeleg for oss.
Loddtrekning blei gjort til slutt. Mange fine gevinstar hadde me fått.
Statsskog og Friluftsrådet skal saman gi ut eit historisk skrift om Romsa. I samband med innhenting av data til dette, blei hytta nytta til overnatting. Men hytta kan brukast mykje meir enn kva som er tilfelle.
Litt utleige til andre har me, men det er synd det ikkje er fleire.
Særskilt kunne me nok ha gjort meir for å få Bjoa skule til å nytta hytta.
Bjoa 17.02.06
Ingrid Johannessen
sekretær
Foto: Kari Dommersnes. Professorhytten på Romsa