Foto:

Professorhytten på Romsa

Av: Marit Eikehaugen 28.03.2007

I forbindelse med årsmøte i båtlaget ble det også lagt fram årsmelding fra styret for vern av professorhytten på Romsa. Ingrid Johannessen har sendt oss årsmeldingen.

Sitat: -Følgande personar har vore medlem av styret:
Leiar: Lars Geir Dommersnes
Kasserar: Kari Dommersnes
Sekretær: Ingrid Johannessen
Styremedlem: Arnfinn Vølstad, Signe og Erling Buajore, Ingebjørg og Kjartan Innbjo.

Me har hatt 2 styremøter.

UTFØRT ARBEID
I 2006 har me mala hytta samt utemøbler. Elles er jo også førefallande vedlikehaldsarbeid i og rundt hytta utført.

AKTIVITETAR
Kulturdagen gjekk av stabelen 11. juni, og i år hadde me større oppslutnad om arrangementet enn nokon gong før. Me er stort sett alltid heldige med været, og det er mange både Bjoabuar og andre som finn vegen til Romsa denne søndagen. Skyssbåten var innleigd for dagen, noko som var særs naudsynt pga dei mange som møtte.
Elles gjekk jo arrangementet som vanleg, med dei same aktivitetane som me pleier å ha.

Me har i år kjøpt inn t-skjorter med bilde av professorhytta. Desse har me for sal.

UTLEIGE
Hytta kan leigast ut til skular, lag/organisasjonar eller private. Det er imidlertid ikkje særskilt mange som nyttar seg at dette tilbodet, men det er i alle fall mange som nyttar området og kaien ved Grindanes. Det er me jo kjempefornøgde med.

Bjoa 06.03.07
Ingrid Johannessen
sekretær

Foto: Marit Eikehaugen. Professorhytten