Foto:

Reingjering av gravstøtter

Av: Marit Eikehaugen 20.08.2001


Margot Ivesdal som er kirkeverge i Ølen deler her med oss sine tips til rengjøring av mosegrodde gravstøtter.

Hentet fra www.olen.kommune.no - sitat: Eg har lagt merke til at nokre gamle gravstøtter på Ølen kyrkjegard ser ut som nye. Ein utvandra Ølensbu i Granvin gav meg oppskrifta.

Oppskrifta er som følgjer:
Kjøp ei flaske mose- og algedrepar (der dei sel maling). Bland med vatn etter oppskrifta. Stryk blandinga på med malerkost. Lat ho stå eit par dagar. Bruk stiv børste (ikkje stålbørste sidan små partiklar frå denne vil rusta og rust får du ikkje av) og mykje vatn. Eg brukte ein grønsakskrubb. Du får ikkje alt av i første omgang. Prøv ein ny runde. Det viktigaste er tålmod og iver.

Mose og lav - Marmorsteinar og andre harde steinslag
På dei gamle marmorstøttene som er svarte av skit brukte eg høgtrykkspylar etter å ha behandla dei med mose- og algedrepar. Dei vart mykje betre, men alt fekk eg ikkje av i første omgang.

Støypte steinar og sandsteinar
Dei gamle steinane som er støypte eller er sandsteinar kan du ikkje bruka høgtrykkspylar på. Der må du berre bruka handamakt.

Grønske
Brukte mose- og algedrepar og malte over der det var grønske. Grønska var borte då eg kom etter eit par dagar.

Årleg vedlikehald
Har du fått steinen fin, maler du over årleg med mose- og algedrepar. Då vil det halda seg mose- og lavfritt.

Har du ei betre oppskrift så vil eg gjerne vita det. Lukke til!

Med helsing kyrkjeverje

Det er nok med 1dl mose- og algedrepar til 5 dl vatn pr. omgang til 1 gravstein. -sitat slutt.

Foto: Marit Eikehaugen. Fra Bjoa Kirkegård like før sola går ned. På bildet sees Britemor Oma og datteren Marie.