Foto:

Reiselivssatsing

Av: Kåre Frøland 24.04.2002

Reiseliv er sett opp som eit prioritert område innanfor bygdeutviklingssatsinga på Bjoa. Vi ser alle at Bjoa er attraktivt for for fritidshus og avstressande opphald i heile sommarhalvåret.

For dei av oss som ynskjer å både ha bustad og inntekt i bygda, ligg
såleis reiseliv og ventar på at vi skal gripe fat i det.

Kunnskapsferie er eit område som er i stadig vokster. Folk reiser til Bologna for å lære å lage pizza og til Irland for å lære å teikne blomar. Kultur og historie er for lengst etablert som magnetar i reiselivet. Reiselivsprosjektet "Bjoa-ei bygd å bli klok av" grip fat i akkurat dette og er del av eit større prosjekt i regi av Hordaland
fylke: ”Bærekraftig næringsutvikling i lokalsamfunna”.

Ut frå prinsippet om at man tager det man haver, har ei rekkje av bygda sine innbuarar blitt med og vi arbeider med å tilby kunnskap om historie, fisking og røyking, urter og blåbær, økologi og bygdeforståing. Reiselivsprosjektet har fått ansvar for å drive vidare ei breiare satsing på reiseliv og vil i samarbeid med Bjoa Reiselivslag arbeide for å gje tilreisande aktivitetstilbod og betre vilkår for å legge att pengane sine i bygda.

På litt sikt vil vi gå i gang med konkrete tiltak, men inntil vidare kan du ta kontakt med Kåre Frøland på tlf. 53 76 69 64 dersom du er interessert eller har tankar i desse banane.

Foto: Marit Eikehaugen. Hytteidyll i Grønnevik på Innbjoa.