Foto:

Rom til boksamling

Av: Hentet fra Grannar 05.02.2014

Grannar: Det kommunale biblioteket på Bjoa vart lagt ned for nokre år sidan. Bygdefolket fekk då overta bøkene og har seinare drive utlån og fornying av boksamlinga under namnet Bjoa Boksamling.

Drifta er eit dugnadsføretak med eit styre valt av bygdefolket. Nye innkjøp er finansierte gjennom årleg basar. I tillegg til at ein tek i mot bøker i gåver frå bygdefolket. Til nå har Bjoa Boksamling halde til på Bjoa skule, men skulen skal rehabiliterast og har bruk for rommet sjølve. Difor ber styret i boksamlinga nå kommunen hjelpe til med nytt lokale.

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.