Foto:

Salg - byttedag

Av: Anne Gunhilde Oma 17.01.2006

I fjor laga FAU ved Bjoa skule til salg-/byttedag for sportsutstyr.
Det syntes me blei så bra at me vil prøva igjen i år.
Datoen er sett til torsdag 9. februar kl. 18.00-20.00.

Mange varer skifta hender under fjorårets arrangement, så me prøver igjen i år. Nytt av året er at me og opnar for andre typar "varer", f.eks. kvitevarer, interiørting og anna ein måtte ønska å bli kvitt.

Kanskje har du pusst opp og har ting og tang til overs. Ta det med!
Som i fjor blir kvar enkelt ansvarleg for salg av sine ting. Merk varene dine godt med navn og pris!

FAU lagar til kafè med pølser, kaker og kaffi. Det blir og lynlotteri. Inntekta går til uteområdet.

Ja, då er det berre til å leita fram det du vil bli kvitt, du har enno litt tid på deg. Lapp kjem og i posten til alle husstandar om kort tid. Åpent for alle!
Me treffest på skulen!

FAU v/ Bjoa skule 2005-2006:
Håvard Lothe
Rita Bjørnøy
Lene Hetland
Anne Gunhilde Oma
Ernst Grønnestad
Harald Velde Knutsen
Arnfinn Vølstad

Illustrasjonsfoto: Marit Eikehaugen.