Foto:

Salg - Byttedag

Av: Anders Lunde 21.01.2007

Tidlegare byttedagar har vist seg å vera populære. Difor blir det byttedag onsdag den 7. februar 2007 kl 18:00-20:00 i Gymsalen på Bjoa Skule.

Opplegget vert stort sett som før, -at kvar enkelt tek med seg ting som ein vil bytte eller selge. Varene må merkast godt med navn og pris, slik at kjøparar kan ta kontakt med deg. Pengane beheld du sjølv.

Ynskjer du å selge noko som er for store å transportere, kan du ta med eit bilete eller ein lapp som fortel litt om vara.

Bjoa FAU lagar til kafè med pølser, kaffi og kaker, så om du berre vil ut å treffa folk, er du hjarteleg velkommen. Det vert også lynlotteri.
Inntektene frå prosjektet går til «prosjekt uteområde»

Helsing Bjoa FAU

Foto: Marit Eikehaugen. Byttedagen på Bjoa skole er nesten som på denne auksjoen på landsbygda utenfor Toronto.