Foto:

Salg - byttedag for sportsutstyr

Av: Anne Gunhilde Oma 06.03.2005
Det er løye med det, ungane vekse og me vaksne blir ramma av "krympevirus" i skapet.....
Mange har vel opp gjennom åra snakka om at me skulle laga til ein dag der det gjekk an å ta med seg brukt sportsutstyr for å selga eller bytta i noko anna. Mykje godt brukande sportsutstyr står og støvar ned i skapet eller på boden - det er jo for godt til å hiva... Ungane våre veks ut av klede og sko som nesten ikkje er brukt. Det er for dumt å hiva det når naboen kanskje hadde hatt bruk for akkurat det du har til overs! Det kan vera fotballsko, skiutstyr, skiklede, sykkel, skøyter, rollerblades etc. etc.
FAU (foreldras arbeidsutval) ved Bjoa skule vil på onsdag arrangera ein slik dag.

Bruk dei neste dagane til å rota litt i "tølene" dine,
og ta det du finn med deg til gymsalen på skulen. Kvar enkelt står sjølv for salg av sine varer, så heng på ein lapp med navn og prisen du kan tenka deg å få for vara di. Pengane beheld du sjølvsagt sjølv!
FAU vil i tillegg laga til kafè med kaker og kaffi, samt eit lynlotteri. Overskuddet av dette vil gå til å arrangera ein skidag for heile skulen.

Altså: Gymsalen på Bjoa skule onsdag 9. mars kl. 18.00-20.00

Foto: Marit Eikehaugen. Kenneth Knutsen på sin friske firhjuling som helt sikkert ikke er bytteklar.

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.