Foto:

Ser du nyhetene?

Av: Jarle Sandsgård 03.11.2000

På Bjoa skjer det mykje som både bjoabuar og andre er svært interessert i å vite om. Bjoanett og Bygdeutviklingslaget
oppmodar difor folk til å vere med
på å fortelje om kva som skjer.Bjoanett blir besøkt av folk frå både inn- og utland, og Bygdeutviklingslaget skal snart ut med ei ny utgåve av Bjoabuen.
Det er difor gode moglegheiter til å få fortald om alt som skjer her.

Tar ein ein kikk rundt seg, er det mykje å fortelje om:
    - Nye folk på Buo - Påbygget på kyrkja - Reinseanlegget på Leite - Dugnad på sjøhuset på Utbjoa - Dugnad på det nye klubbhuset til idrettslaget - Dugnad på biblioteket - Dugnad på mølla ved Gardkroken - Dugnad i båthamna - Kva skjer i bygdesenteret? - Folk flyttar til det nye byggjefeltet - Utleigeboligar? - Trygdeboligar

Det skjer mykje meir enn dette, så har du noko å fortelje om ovannemnde eller anna, så er det berre til å skrive eller ta kontakt med Bjoanett eller Bygdeutviklingslaget.