29.04.06 blir den magiske datoen for verdens andre Bjoa LagerLyd. Det er berre å setja av datoen med ein gong og invitera vener og kjente med på lageret på Innbjoa kaien for å ta del i vårens musikkhappening på Bjoa.
Me legg oss mykje på same linja som i fjor, held oss til lokale artistar som har noko for ein kvar å by på. Her blir det høve til å lytte, nynne med, danse og drøse. Me vonar og det blir tid til ein pub-quiz i år igjen. Flotte premiar sjølvsagt.
Me har framleis bruk for folk som kan hjelpa til som vakter/stå i baren, svært takknemleg om nokon vil melda seg frivillig til linngjerde@hotmail.com, ikkje berre la det bli med tanken! Eit arrangement som dette treng frivillige, og det er alltid kjekkast om ein ikkje treng å pressa folk til å stilla som frivillige..
Av dei som kjem for å spela kan nemnast Inger Mari Hetland, Martha H. Birkeland, Ingvild og Mildrid Arianson, Pål Flåtene, Emily Plays, Siri Nesse og sist men ikkje minst; The Fence
Dette gir oss ein fin blanding av viser, pop og rock.
Eg skulle ha lagt med logoen for i år som illustrasjon, men får ikkje til å lasta han opp.. Legg med eit gamalt bilete og vonar at kanskje Marit kan henta logoen på heimesida mi og fikse det?