Torsdag 02.10. spelte Bjoa sitt yngste fotballag siste kampen for i år.
Denne gjengen har vel ikkje akkurat gjort det like godt som jentelaget, men innsatsen er det ikkje noko å sei på! Siste kampen gjekk i Vikebygd, og me hadde jo eit lite håp om at me iallefall skulle slå dei... sånn gjekk det altså ikkje. All ros til spelarane - dei har jobba godt og blir flinkare og flinkare for kvar kamp. Kampen torsdag er den beste dåke har spelt! Eg som forelder synes det er kjempespennande å sjå på, og gledar meg allerede til nye kampar neste år. Då skal me ta dei!
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.