Foto:

Siste nytt om LagerLyd 29.04.06

Av: Linn Gjerde 02.04.2006

Kva skal du gjera 29.04.06? Skal du ikkje ta deg ein tur ned på Lageret på Innbjoakaien og få med deg vårleg festivalstemning, song, musikk og dans? Les her om alt som skal foregå på kvelden, og sett av datoen!

Vår i lufta og sommarfuglar i magen. Planlegginga av årets Bjoa LagerLyd går framleis etter skjema, og eg tenkte no at det var på tide å dela litt med Bjoanett sine lesarar, og driva litt reklame for ”festivalen” vår. For sjølv om eg ikkje er nedrent av folk som vil vera vakter eller stå i baren, (kor blir det av dykk???) så skjer det saker og ting og folk gjer ein innsats!

I fjor hadde jo Jarle laga ein knallflott scene som dessverre måtte rivast etter at LagerLyd var ferdig. Så i år har me, og kanskje spesielt Jarle, som ikkje er spesielt glad i å bygga for å riva, sett litt lengre. Jarle og Bjørn har med god sponsing frå Bygdeutviklingslaget, Berge Sag og Ølen Betong laga ein meir permanent scene i lageret, ein scene som nok vil koma Bjoafolket til gode i fleire høve enn når det er LagerLyd. Dei har laga han sånn at han lett kan settast vekk dersom det trengs og. Kjempebra jobba!

Og endeleg er namna på dei som skal på scenen klare, Inger Mari Hetland kjem igjen med visesong og heilt sikkert ein god replikk. Martha H. Birkeland vil by på folkemusikk og jazz. Nytt av året er at Ingvild har klart å få med seg Mildrid og, slik at denne gongen blir det to stk Arianson på scenen. Pål Flåtene som spelar gitar og syng kjem, det same gjer Siri Nesse, ho som laga så mykje liv med Tina Turner tolkingane sine i fjor. Bandet Emily Plays har eit breitt repetoar av eigne og andre sine låtar, her blir det mykje frå både 60 og 70 talet. Og så er det The Fence då, Gjerde-bandet med Karl Olav i spissen. Dei spelar framleis gamle Kinks låtar og har utvida spelelista mykje sidan sist. Her kan eg lova at det blir stemning og dans!

I år som i fjor vil det og bli høve til å få seg noko varmt å bita i, og også i matvegen har me blitt meir avanserte, i tillegg til pølse i brød som sist, vil me og introdusera ”Bjobabben”, som eigentleg ikkje er ein babb i det heile tatt, men ein tallerken med Steinslandkjøttboller og godt tilbehør!

Kunnskap er alltid viktig, og i Lageret på Bjoa, for me skal sjølvsagt ha ein pub-quiz der ein kan briljera med meir eller mindre nyttige allmennkunnskapar.

Me opnar døra klokka 19.00, og sender dei første opp på scenen kl 20.00, så bli ikkje sittande på vorspiel denne kvelden, kom deg ned i lageret på Innbjoakaien og få med deg alt som skjer her. Me kan heller finna eit nachspiel etterpå!