Siste reis med ferjo Utbjoa- Skjærsholmane - Utbjoa (tur/retur) tek me i lag onsdag 27. desember kl 22:10 frå Utbjoa.
Ta med deg familie og julegjester, kaffi og julekaker, sangstemme (den du har) - og gjerne eit instrument - og bli med på ei minnerik siste reis med ferjo.