Invitasjon til sjokoladekake-konkurranse på Bjoamarknaden.
I fjor på Bjoamarknaden kåra me ”Bjoakaka” og me fekk mange tilbakemeldingar om at kakesmaking var kjekt. Nå synest me at det er for tidleg med ny ”Bjoakake” etter berre eit år, så i år vert det kåring av beste sjokolade-kake. Me stiller som einaste krav at det må vera enten sjokolade eller kakao i kake eller fyll. Og så må me få oppskrifta.
Nå inviterar me unge og gamle til å bidra med sine favoritt sjokolade-kaker, slik at me får eit skikkeleg sjokoladekake-kalas på Bjoamarknaden den 1. september.
Hugs at dette er meint som eit uhøgtideleg innslag på marknaden, det er ikkje alltid dei mest avanserte og innvikla oppskriftene som fell best i smak. Ser du på var vinnarkaka, (kake nr 4 ), eit døme på det.
Ta kontakt med Anne Gunhilde tlf. 53769901 eller Ingrid tlf. 53769773 for nærare informasjon og påmelding.
Foto: Ingrid Steinsland. Ordførar Arne Bergsvåg og Edith Tveit er med på å kåre Bjoakaka 2000.