Så fekk me ei sjokoladekake me kan kan kalla ”Sjokoladekake a`la Bjoa”. Og vinnaren, den som fekk ”publikumsprisen”, vart kake nr 10: ”Sjokoladekake med smørkrem”, baka av Liv Kari Bødtker.
Før konkurransen heitte den visst ”Tunge spesial” og er i følge Liv ei omarbeidd oppskrift frå Dalen. Liv Kari hadde først meldt på ei anna kake, men då den alt var påmeld fekk ho i siste liten beskjed om å finna ei ny. Dermed vart det visst nesten natta og gråten, - mailen med oppskrifta vart i alle fall sendt etter vanleg leggetid ….. Den kaka som juryen, d.v.s.formannskapet ved Arne Bergsvåg, Ståle Jordal og Anne Tone Salte Andersen hadde som favoritt, og gav ”juryprisen” var kake nr 8, ”Bjoasjokk”. Den var laga av Elin Arianson, og ho hadde bakt den tre gonger før ho fekk den som ho ville. Så her ligg det innsats bak hos nokon og ein kvar. Premie vart det også til kake nr 4, baka av Brit Tveit etter Kristian Tveit si oppskrift, og til Berit Knutsen for kake nr 5 som ho har hatt som ”spesialitet” ein del år. I alt 12 sjokoladekaker var med i konkurransen, og det var inga lett oppgåve å kåra ei vinnarkake blant så mange velsmakande og mektige kaker. Så takk til juryen, publikum og sist, men ikkje minst, de som var sporty og tok utfordringa med å baka!