Foto:

Skånevik - Bjoa: 5-6

Av: Leif Terje Aarvik 23.08.2006


Knallstart på haustsesongen for Bjoa sitt 12/13-årslag

Tirsdag 22. august spelte 2 jenter og 5 gutar frå Bjoa sin første "haustkamp" i Skånevik. Allerede etter nokre få minuttar blei det skåring for Bjoa og deretter blei første omgang nermast einveiskjøring mot motstandaren sitt mål. Etter halvspelt tid leda Bjoa heile 5-1.

Også etter pausen var det Bjoa som styrte det meste av spelet. Men ettersom dei berre stilte med 7 spelarar og ingen innbyttarar (mot 7 spelarar og 5 innbyttarar frå Skånevik) så blei det lange og svette 2 x 30 minuttar på Bjoa-spelarane. Men sjøl om det minka på kreftene og Skånevik fekk fleire mål, ufortjente etter vår meining, på slutten av kampen så rei Bjoa stormen av og vann kampen fortjent 6-5.

Foto: Leif Terje Aarvik

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.